Kristendommens innføring i Norge
– Helgenkongens og trellkvinnenes rolle i kristningsprosessen
Når vi tenkjer på kristendommens innføring i Norge, tenkjer vi umiddelbart på Olav den heilage, konge i Norge 1015–1028. Olav Haraldsson, som voks opp på Ringerike, var den tredje i rekka av kongar som ville innføre kristendommen i Norge. Håkon den gode var den første, Olav Trygvason den andre og Olav den heilage den tredje.
AV: PER CHRISTIAN BRATHEIM
Mange trellar har nok krøkt nakken på jordene på Røyse. Ved Bønsnes kyrkje står det ein minnestein over han som har fått hovedæra for å kristne Norge. Innskrifta på steinen er: OLAV HARALDSON DEN HELLIGE VOKSTE OPP I HOLE FALT PÅ STIKLESTAD 1030 REX PERPEIUUS NORVEGIAE NORGES EVIGE KONGE. Foto: Anne Sofie Hval
Nyare historieforteljing legg meir vekt på at kristendommen fanst i landet før desse tre kongane. Det var ikkje dei som innførde kristendommen til landet. Det er meir presist å seie at dei prøvde å setje kristendommen i landet. «Kristningsprosessen» i Norge strekte seg truleg over ein periode på om lag 300 år, 7–10 generasjonar før Olav den heilage.
Å SETJE KRISTENDOMMEN I LANDET
Kva meiner eg med «å setje» kristendommen i landet? Då skal eg la Snorre fortelje. Året er 1016, det første året etter at Olav Haraldsson var teken til konge på Øretinget i Nidaros:
Kongen fôr søretter langsmed land og tøvra (stogga) i kvart fylke og held ting med bøndene. På kvart ting let han lese opp kristendomslova og dei bod som høyrde til, og fekk straks avteke mange uvanar og mykje heidenskap hos folket; for jarlane hadde halde godt dei gamle lovene og landsretten; men å halde kristendommen let dei kvar mann gjere som han ville. Og på den måten var folket døypt på dei fleste stadane i sjøbygdene; men den kristne lova var ukjent for dei fleste.
Vi høyrer at folket var døypt i 1016, men dei kjende ikkje kristenlova. Og seinare, då Olav hadde vore konge i sju år, fortel Snorre at Olav gjekk opp Romsdalen, over Lesja til Lom og «tok dei beste mennene … og dei laut ta ved kristendommen eller bøta med livet.»
Slik fôr Olav over bygdene i Gudbrandsdalen til han kom til Dale Gudbrands gard på Hundorp. Den historia kjenner vi. Den som endar med kraftprøva mellom Kvitekrist og dei gamle gudane, der kongen narra folket til å sjå same vegen då sola rann for å sjå Kvitekrist, medan Kolbein med klubba slår gudebiletet deira ned. Snorre sluttar denne forteljinga med setninga «Gudbrand let setje opp kyrkje der i Gudbrandsdalen».
RINGERIKE BLIR KRISTNA
Snorre fortel vidare:
Olav fôr ut på Hedmark og kristna der … og stogga ikkje før heile Hedmark var kristna og kyrkjer var vigde og prestar innsette. Deretter fôr han til Toten og Hadeland og retta på skikkane til folk, og gav seg ikkje før alle var kristna. Derifrå fôr han til Ringerike, og heile folket gav seg under kristendommen.
LYNRASK KRISTNING?
Då romerikingane høyrde at Olav etla seg dit, samla dei ein heil hær. Då dei møttest, gav bøndene seg til å slåst … men «fekk svolk (pryl) til dei vart folk», og dei tok straks ved kristendommen. … «Kongen fôr gjennom dette fylket og skildest ikkje frå dei før alle mann hadde teke ved kristendommen der. Derifrå for han aust til Solør og kristna den bygda.»
Vi dreg på smilen og humrar når vi les dette. I våre tankar er det utenkjeleg at kongen i løpet av nokre sommarmånader og utover hausten kan «kristne» Gudbrandsdalen, Hedmark, Toten, Hadeland, Ringerike, Romerike og Solør. Det er utenkjeleg fordi vi har ei oppfatning av religion som noe individuelt, eit spørsmål om overtyding og tru. At alle desse skulle ha omvendt seg i ein fart, er utenkjeleg.
KONG OLAV SOM INSTITUSJONSBYGGJAR
Men det er då heller ikkje det Snorre fortel! Det han fortel, er at Olav let byggje kyrkjer, vigde kyrkjer, sette inn prestar, døypte og retta på skikkane til folk. Kongen er ikkje misjonær i vår forståing av ordet. Han er samfunnsaktør. Han driv ikkje sverdmisjon. Han er institusjonsbyggjar. Det som står att, etter at kongen fôr over desse bygdene, er kyrkja som samfunnsinstitusjon – med kyrkjebygg, døypefont, kyrkjegard, ritual, presteskap og helgedagar.
KRISTENRETTEN FRÅ MOSTRATINGET
To år seinare, på Mostratinget i 1024, får vi eit meir konkret innblikk i kva dette betyr. Til Mostratinget hadde Olav med sin biskop Grimkjell utarbeidd første variant av det vi seinare omtalar som kristenretten, altså ei kristen lovgjeving.
Dette skjedde i «samråd med bøndene», heiter det hos Snorre. Og denne kristenretten vart så gyldig lov etter kvart som han vart vedtatt på dei forskjellige lagtinga rundt i landet.
INNHALDET I KRISTENRETTEN
Kristenretten regulerer forholda rundt kyrkja som institusjon. Det viktigaste var at bøndene skulle halde kristendommen oppe, halde kyrkjene ved like, sørgje for levemåte for prestane, halde helgedagar etter kristen kalender.
Å «halde kristendommen oppe» betyr at dei skulle døype borna sine, gravleggje etter kristen skikk og halde dei kristne helgedagane. Det kjem dermed eit forbod mot dei gamle rituelle blota til ære for dei norrøne gudane.
Kristenretten hadde også bestemmelsar om kristen livsførsel. Eksakt når kvar enkelt av desse kom i tradisjonen, er vanskeleg å fastslå. Men verd å merke seg er kor tidleg forbodet mot å setje nyfødde barn ut i skogen kom.
Det var barnet sin far eller mora sin ektefelle som avgjorde om eit barn skulle få leva opp. Ein av dei første paragrafane i kristenretten, som seinare fekk plass i Gulatingslova, var forbodet mot å setje nyfødde ut i skogen.
OMFORMING AV SAMFUNNET
I kristenretten frå Mostratinget anar vi konturane av ei omforming av samfunnet – frå norrøn strids- og heltekultur til kristen barmhjertigheitskultur. Det er vanleg å rekne Mostratinget i 1024 som den staden der kristendommen vart innført i Norge. «Å setje kristendommen» er, som eg sa, å byggje kyrkja som institusjon i samfunnet. Over tid er dette samfunnsendrande, og det endrar den enkeltes liv og, ikkje minst, den enkeltes livsforståing og tru.
Det var denne institusjonaliseringa som dei tre kongane bidrog med, og aller mest Olav den heilage. Olavs død og helgenstatus hadde enorm betydning for at dei nye skikkane feste rot i folkelivet. Men kristendommen fanst i Norge før desse tre kongane. Folket var døypt i dei fleste sjøbygdene, slik Snorre fortel om. Men no «sette» kongane kristendommen: dei bygde kyrkja som samfunnsinstitusjon.
KRISTENDOM I NORGE FØR KONG OLAV
Kva veit vi om kristendommen i Norge før kristenretten på Mostratinget? Den aktuelle tidsperioden er 700–1000. Kristendommens innføring i Norge strekte seg over ein periode på om lag 300 år og dreier seg om 7–10 generasjonar, det vil seie 7–10 overleveringar frå foreldre til barn.
I denne tidsperioden har kristendommen vore i omløp i Europa i nesten tusen år og er godt etablert som offisiell religion. Mykje eigedom og mykje makt er no knytt til den kristne kyrkja.
Vi er i begynnelsen av den store katedralbyggeperioden i europeisk historie. Då Olav var på flukt frå Norge i 1028–30 var han ei tid hos svogeren sin i Kiev, kong Jaroslav, som var gift med søster til kona til Olav. Dei to søstrene var svenske prinsesser. Dit reiste Olav då han måtte rømme landet.
Dette var like før Jaroslav sette i gang bygginga av katedralen i Kiev, St. Sofia-katedralen. Den vart påbegynt på 1030-talet. Kanskje diskuterte Jaroslav planane sine med svoger Olav. Katedralen sto ferdig eit par hundre år seinare.
Katedralane og kyrkjene i Europa var store, vakre og imponerande bygg med mykje kunst og eit yrande liv rundt, og med flotte ritual og festar. I tillegg var det kloster med særeigne tradisjonar. Alt dette møtte vikingane då dei begynte å fare til Europa på handelsreiser og oppdagelsesreiser. Eller kanskje vi kunne seie dannelsesreiser? Men det vart også etter kvart herjingstokta som kjenneteikna vikingane.
VIKINGKULTUR MØTER EUROPISK KULTUR
Nordmennene reiste mest vestover til dei britiske øyene. Vi har sikre historiske opplysningar om herjingane i Lindisfarne i Skottland i 793. Dette er rekna som eit av dei første vikingtokta til britiske øyer. I klosteret i Lindisfarne fanst dei første skriftlege utgåver av dei fire evangelia på dei britiske øyene.
Når vi ser etter spor etter kontakt vestover, må vi også nemne Dublin, som var eit vikingsete i Irland frå 795. Det bestod meir og mindre heilt fram til 1171. I første del av denne perioden var det mykje herjing og plyndring innover Irland og på øyene i Irskesjøen. Dublin vart eit slags bruhovud for herjingane og ein oppsamlingsstad for transport av varer og trellar attende til Norge.
Dette er godt bevitna i irske kjelder, for irane hadde ein høgt utvikla og meir omfattande skriftleg kultur enn i England. Det er derfor eit rikt kjeldemateriale å hente opplysningar frå, både om fred og ufred som følgde vikingane i Irland.
Men Irland var slett ikkje det einaste kontaktpunktet mellom vikingkultur og europeisk kultur. Også England og Normandie var viktig. Olav skal ha blitt døypt eller konfirmert i Rouen i Normandie. Der har vi den dag i dag eit St. Olavs kapell og ein St. Olavs krypt i katedralen. Europa med all si prakt må ha imponert vikingane uansett om dei kom med fred eller ufred. Dei blei nysgjerrige og prøvde å forstå den kristne kulturen og etterlikne den. Dette blir bekrefta av arkeologiske funn og historiske symbol frå denne tida.
KELTISK KRISTENDOM
Den keltiske kristendommen stod i opposisjon til hovudstrømmen i Europa når det galdt synet på menneska og naturen. Keltaranes mest kjende lærefader Pelagius vart dømt som kjettar i år 415, og alle skriftene hans vart brent etter vedvarande disputt med kyrkjefaderen Augustin. Men Pelagius sin teologi levde i beste velgåande i irsk kyrkjeleg og folkeleg tradisjon. Og det var denne kristendommen vikingane hadde mest kontakt med og formidla til Norge.
Keltisk kristendom verdset naturen og skaparverket høgare enn den augustinske tradisjonen som kom til å dominere den romersk-katolske og også den lutherske kyrkja. Den keltiske kristendomsforma har også eit meir positivt menneskesyn enn Augustin, som fann opp læra om arvesynd. Han meinte at menneska ikkje av seg sjølv er i stand til å gjera noe godt, berre ved Guds hjelp. Keltarane meinte menneska var Guds gode medhjelparar i skapelsen og absolutt i stand til å gjera godt ut av seg sjølv. Mennesket er høgt vurdert og dermed også forteljingane om Jesus sine møte med menneska i si tid.
KELTISKE KORS I NORGE
Vi har store steinkors frå 900-talet i Rogaland og i Sogn, mest som gravmarkeringar. Desse korsa har anglisk og mest keltisk form, det vil seie kors med sol i kryssingspunktet eller hol. Dei fleste korsa vi har i Norge, er frå 900-talet. Dei eldste er frå så langt attende som 750. Dei vitnar om at kristendommen i si keltiske form har gjort seg gjeldande i liva til desse menneska tidlegare enn på 900-talet. Når gravene er markert med kors, vitnar det om ei kristen livsforståing.
At dette var tankegods som var i omløp og hadde festa seg i dagleglivet, blir bekrefta av at det også er gjort funn av små kors, smykkekors. Kvinnene smykka seg med kors lenge før vi skriv 900.
Eit av dei eldste funna er eit kors frå ei grav i Hommersåk nær Sandnes, datert til 750. Endå meir interessant er funnet av ei støypeform til å støype små smykkekors i ei kvinnegrav i Vik i Sogn frå 800-talet. Det er ei grav med ei slags blanding av heidensk og kristen tradisjon. Etter heidensk skikk har denne kvinna fått med seg husgeråd i grava som ho kan bruke på andre sida, til å spinne, veve, sy og koke. Men ho fekk også med seg ei form til å støype kors i. Dette er eit tydeleg kristent symbol som antydar at dette har vore nærast som husflid å rekne, eit behov for å lage kristne kors så tidleg som på 800-talet.
Vi ser at samtidig med vikingtokta til dei britiske øyene, finn vi kristne symbol i Norge, gjerne keltiske i forma, så tidleg som 750 og vidare utover på 800- og 900-talet. Ofte er dei kristne symbola knytt til kvinner.
DYNNASTEINEN
Det kunne nemnast fleire gravfunn, men Dynnasteinen på Hadeland frå tidleg på 1000-talet er særleg interessant. Den er den første minnesteinen med kristen symbolikk som er funnen i Norge.
Steinen er ein ringerikssandstein med inskripsjon og figurar rita inn. Denne mjuke, men likevel hardføre bergarten eignar seg særleg godt til å lage runesteinar med både innskrift og vakker dekor, og har fått namnet sitt fordi denne typen sandstein er vanlegast på Ringerike.
I vikingtida gjekk det ein utstrakt eksport av ringerikssandstein frå steinbrot langs Steinsfjorden og Tyrifjorden til nærområda og så langt som til Hadeland, Austre Toten og Ål i Hallingdal.
Dynnasteinen er interessant på to måtar. For det første markerer han eit brot i tradisjonen med minnesteinar. I germansk tradisjon var alle slike steinar reist av menn til ære for menn som var heltar i strid og kamp.
Dynnasteinen er reist av ei kvinne til beste for ei anna kvinne (mor og dotter), og det er ikkje heltegjerningar i strid som er nemnt, men at det er bygd ei bru. Dette er ei kraftig nyorientering i kva som er verd å ærast, som liknar freds- og barmhjertigheitskulturen som kom med kristendommen.
For det andre er det grunn til å merke seg kva slags kristen symbolikk som er rita inn på denne steinen. Vi kan sjå Jesusbarnet, stjerna, Maria i stallen og dei tre kongane som kjem med gåver. Den første minnesteinen med kristen symbolikk i Norge formidlar forteljinga om Jesu fødsel.
Dette underbyggjer kontakten vestover til keltisk kristendom. For den keltiske tradisjonen med sitt positive menneskesyn har fokus på mysteriet med Jesu fødsel, på Gud som blir menneske, og på oppstandelsen. Sola på det keltiske korset er soloppgangen påskedag.
Dynnasteinen synest å stå nær den keltiske tradisjonen, men vart funnen på Hadeland, ganske langt frå den opne sjøvegen vestover til dei britiske øyene. Så allereie først på 1000-talet har keltisk kristendom slått rot i innlandet også.
IRSKE TRELLKVINNER
Vi veit at vikingane fôr brutalt fram og at dei røva med seg trellar heim, særleg kvinner. For ein skjebne å bli røva av brutale vikingar og ført over havet til eit trelleliv eller frilleliv i Norge!
Vi veit også at vikingane var ramme til å plyndre kloster. Det fortel dei irske kjeldene oss. Kloster på kloster vart plyndra og øydelagt. Kanskje fordi klostera var lette å ta. Kanskje fordi kvinnene var forsvarslause der. Fleire av kvinnene dei tok med seg, var nonner.
Vi veit også, og det er spesielt viktig i denne samanhengen, at den irske skriftkulturen i høg grad var knytt til klostera. I irske kloster var det tradisjon for å tradere (formidle) bibeltekster, både munnleg og skriftleg.
Dei var spesielt opptatt av, og opplært i, å tradere dei bibelske forteljingane, til dømes forteljingane om Jesu liv, hans møte med menneske som han løfta opp, likningane og forteljingene om nestekjærleik og barmhjertigheit.
Det var kvinner som stod i denne forteljartradisjonen, vikingane førde med seg heim til Norge som trellar. Desse kvinnene brakte kristendommen med seg til Norge.
KVINNENES OG BARNAS ROLLE I KRISTNINGA
I det store prosjektet om kristendommens innføring i Norge er det grunn til å vektlegge kvinnenes og barnas rolle sterkare. Det kan vera gode grunnar for å seie at det var kvinnene, og særleg trellkvinnene, som kristna Norge, sjølv om vi ikkje har heilt sikker kunnskap om korleis dette kan ha arta seg. Men vi kan ut frå det vi veit om vikingkulturen lage ei tenkt skisse:
Trellkvinnene hadde med seg bibelforteljingane til Norge, og dei var frå klostera heime i Irland trena i rituelt liv. Plassert i Norge som trellar, heldt dei på si verdigheit som menneske gjennom det. Vi kan gå ut frå at dei gjennomførte sine rituelle bøner morgon og kveld i trelleskålen.
Dei song sine hymner, tende lys, las bønene sine og fortalde. Og barn, veit vi, dei er overalt og glir i mellom stengsler som dei vaksne har laga. Trellebarn, frillebarn og vikingbarn leika i hop og delte same verkelegheita. Og barn, veit vi, er veldig tiltrekte av forteljarkunst, ritual og song. Det var det i trelleskålen. Kvinnene i trelleskålen var truleg dei som først formidla det kristne livssynet til Norge.
SPELSTYKKET KONGSGARDEN I HOLE
På 1980- og 1990-talet vart det framført fleire historiske spel i Hole. Gudrand Hvattum var forfattar og drivkraft, saman med mange andre. I spelet Kongsgarden frå 1988 løftar han fram den rolla trellkvinnene hadde i kristninga av Norge.
Spelet er lagt til Stein gard i tida rett etter 850. Det er kong Halvdan Svarte og dronning Ragnhild, foreldra til Harald Hårfagre, som sit på kongsgarden. Og dei har trellar, irske trellar. Trellane syng til arbeidet, og dei syng når dei kjem heim til skålen om kvelden.
Hvattum let trellane stå fram med verdigheit og styrke. Det er som dei med heile kroppen står for det dei syng og fortel om. Dei fortel om ein mild og god gud, Kvitekrist, som ikkje gjer forskjell på mann eller kvinne, fri eller trell.
Hvattum let dei synge St.Patrick-hymnen, som i dag er irane sin nasjonalsalme. Dette er ein salme med tekst frå 700-talet med ein irsk folketone, og det var trellkvinnene frå Irland som første gongen kom med denne salmen til Norge omkring år 800. Sjå salmeboka nr. 482: Deg å få skoda. Hymnen handlar om Gud som gjev menneska verdigheit, og som vernar om denne verdigheita under alle slags tilhøve.
I spelet let Hvattum ei høg, rank trellkvinne synge salmen. Dronning Ragnhild høyrer songen og ber henne synge meir og fortelje om Kvitekrist, den nye guden. Det er som vi anar ein konfrontasjon mellom ei gamal og ei ny tid som rører ved dei som høyrer på. Og i sluttscena, der vi møter den aldrande dronning Ragnhild, ser ho i eit framtidssyn Olav den heilage, som har bygd ei kyrkje på Stein til ære for Kvitekrist. Ragnhild erklærer at ho frå no av ikkje lenger vil blote til dei gamle gudane, men «arbeide for at folk skal lære den nye guden å kjenne».
KVINNEFELLESSKAP
Den tenkte skissa kan utviklast i endå eit perspektiv. Kvinne er kvinne lik til alle tider, for kvinnene er nærast livsmysteria gjennom sine barnefødslar og sine opplevingar av sorg og død. Også vikingkvinnene sørgde over sine døde barn. Også vikingkvinnene protesterte når mennene ville setje eit nyfødt barn ut i skogen. Då forstår vi det låg til rette for eit møte mellom dei kristne trellkvinnene og dei norske vikingkvinnene. Eit reelt møte sprunge ut av den primære livserfaringa som alle kvinner deler. Den som har med fødslar og barn, liv og død å gjera.
Vi kan sjå for oss at det var lågmælt samtale om liv og død, felles erfaringar om fødslar og den djupe sorga over å miste eit barn. Det var kvinnefellesskap, kvinnevenskap og gjensidig trøyst. Og slik vart det knytt band over kultur- og livssynsskille.
I desse samtalane blei også ganske sikkert evangelieforteljingane fortalde. For det var der trellkvinnene hadde si verdigheit. I forteljinga om den gode skapargud som keltarane held så høgt. Om skjønnheten i skaparverket og Guds omsorg for alt som lever. Om barmhjertigheit som den fremste dygd. Om kjærleik og om nåde.
FRÅ VIKINGKULTUR TIL KRISTEN KULTUR
Gradvis skjedde det eit skifte frå vikingkultur, der strid og kamp gav den høgste ære, til kristen kultur, der barmhjertigheit er den fremste dygd. Men det tar tid å nå fram til eit nytt livssyn, og i denne lange omformingsperioden over 300 år har kvinnene hatt den viktigaste rolla.
Møtet mellom kvinnene, trellkvinnene og vikingkvinnene – og barna med sine lange øyre – det var der det skjedde. Det var annleis det trellkvinnene fortalte og praktiserte. Annleis, men likevel gjenkjenneleg i dei erfaringane vikingkvinnene sjølve hadde i sine liv.
Det feste rot. Det gav håp og fekk innpass i livet over ein periode på 7–10 generasjonar. Dette var det grunnlaget som den seinare kongegjerninga var avhengig av for å lykkast med sitt prosjekt, «å setje kristendommen» i Norge.
Kongane, og særleg Olav den heilage, bygde kyrkja som institusjon i samfunnet, men det var dei kristne trellkvinnene i møte med vikingkvinnene som først hadde lagt grunnlaget.
På 1980- og 1990-talet blei det framført fleire historiske spel i Hole. Spela løftar fram den rolla trellkvinnene hadde i kristninga av Norge. Avisoppslaget er frå Bønsnes i 1995, der folket førebur seg på å blote til dei gamle gudane.
Foto: Tor Hammerstad / faksimile fra Ringerikes Blad juli 1995
FORFATTEROMTALE
Sevat Lappegard, fødd 1948 i Ål, men bur no i Hole. Han er cand.theol. og har ein mastergrad i religion og samfunn frå Harvard University. Sevat var tidlegare prost i Elverum 1992–2018, stipendiat og lektor ved det praktisk-teologiske seminar, Universitetet i Oslo, 1982–1992 og sokneprest i Dovre 1977–1981. Han har skrive artiklar om teologi og kyrkje og er særleg kjend for sitt engasjement for folkekyrkja og reform av kyrkjas liturgiar.
KILDER/LITTERATURHENVISNINGER
• Birkeli, Fridtjov 1973: Norske steinkors i tidlig middelalder. Et bidrag til belysning av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Oslo: Universitetsforlaget.
• Hernæs, Per 2020: Rogalands vikingtid. Oslo.
• Hvattum, Gudbrand 2008: Holespill. Frå Ringerikes saga- og eventyrverden. Redigert av Margit Harsson. Hønefoss: Kolltopp forlag.
• Jón Vidar Sigurdsson 2003: Kristninga av Norden 750–1200. Oslo: Samlaget
• Snorre Sturlason 1981: Noregs kongesoger. Redigert av Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy. Oslo: Samlaget.
• Artiklar frå Moster-jubileet 2024. Nettadresse: https://moster2024.no/fagartiklar